18.06.2014

Snørapport - Snømengder i Noreg per 16. juni 2014

Foto: Thomas GundersenNVE. Foto. Gudbrandsdal Energi.

Det kom nysnø i delar av Nord-Noreg i går, mens det har vore sommarlige tilhøve i Sør-Noreg.

Det går mot sommar, og snøgrensa kryp stadig høgare. Likevel, kan ein, til dømes i Jotunheimen framleis få enkelte fine vårskiturar. Snøgrensa iSør-Norge går mellom 1000 og 1700 meter over havet , og det er store lokale skilnader. Til dømes er det nesten heilt snøfritt i alle solsider, sjølv på dei høgaste fjelltoppane, mens snøgrensa ligg lågare på skuggesida. Det er høgare snøgrense på Austlandet enn på Vestlandet, og snøen ligg stort sett flekkvis.

Samanlikna med tidligare år er det mindre snø enn vanleg i fjellet. Unntaket er på dei sørlige delane av Hardangervidda og i fjellområda i indre Agder. Her er har det vore ein særdeles snørik vinter, og det er framleis mykje snø att. Merk at på austlige deler av Hardangervidda viser snøkartet for mykje snø. På målestasjonen på Sandhaug er det no bart. I mange fjellområde på Vestlandet er tilhøve annleis, og karta viser mindre snø enn det det er i røynda.

Trøndelag er det berre på dei høgaste toppane i til dømes Sylane, samt i enkelte fjellområde i Børgefjell kor det framleis er litt snø att.

Nord-Noreg vart det igjen vinterlige tilhøve då det snødde i går. På målestasjonen til MET på Lyngen-Gjerdvassbu (~700 meter over havet) auka snødjupet igjen, og det er no snaue 2 meter snø her. Det er nesten ein meter meir snø enn det det var på same tidspunkt i fjor. Det er store skilnader i snøgrensa, og snøen som kom i går har smelta igjen mange stader. Det er framleis meir snø enn vanleg i mange fjellområde.

Dette er siste snørapport for sesongen.

Markedskommentar uke 43 2020

Spotprisen på Østlandet i prisområde NO1 ble i forrige uke 21,5 øre/kWh. Denne uken ser prisen ut til å bli rundt 19,5 øre/kWh. Forventet pris for kommende uke er 18,5 øre/kWh for Sør-Norge.

Les mer

Tilsvar til Forbrukerrådets pressemelding 21.10.2020

Forbrukerrådet sendte 21.10.2020 ut en pressemelding om at 29 strømselskap klages inn for ulovlige avtaler. Gudbrandsdal Energi AS ber Forbrukerrådet dementerer dette grunnet feilaktige opplysninger.

Les mer

Markedskommentar uke 42 2020

Spotprisen på Østlandet i prisområde NO1 har den siste tiden steget betraktelig, fra rundt 3-4 øre/kWh de første dagene i oktober til over 20 øre/kWh de siste dagene denne uken.

Les mer

Markedskommentar uke 41 2020

Spotprisen på Østlandet i prisområde NO1 ble i forrige uke 2,95 øre/kWh. Denne uken ser prisen ut til å bli rundt 9 øre/kWh. Det er fremdeles svært lave kraftpriser i Norge og prisene ligger godt under prisene i våre naboland som Sverige, Danmark og Finland. Forventet pris for kommende uke er 15 øre/kWh for Sør-Norge.

Les mer
Skriv hva du leter etter og trykk [Enter]
Hei, kan jeg hjelpe deg med noe?