20.02.2013

NVE melder om flott skiføre


Snømengder i Noreg per 19. februar 2013

Dei siste dagane har det kome mykje snø på Nordvestlandet, sørleg del av Nordland og noko i nordleg del av Austlandet. På Vestlandet, i Midt-Noreg og kysten av Nord-Noreg ligg snømengda framleis under normalen, men skiforholda er gode i heile Noreg og det ligg an til ein flott vinterferie.

Austlandet: Mest snø kom det i områda rundt Rondane og Gudbrandsdalen den siste veka, over 25 cm. I slutten av førre veke kom det mest snø i Telemark og Buskerud, men dei siste dagane har det kome mest i Oppland og Hedmark, ca 20 cm. I heile Vestfold er det godt skiføre. I Østfold, Oslo og Akershus må ein noko høgare for sikkert skiføre. På 500 moh er det over ein halv meter snø stort sett på heile Austlandet. I Telemark, Buskerud og Hedmark ligg det ca. 80 cm snø på 800 moh, og i Oppland ligg det over ein meter i same høgde.

Vestlandet og Trøndelag: Den siste veka har det kome mest snø i Fjordane, Voss, Trollheimen og Romsdal. Men Sogn og Nordfjord har også fått mykje nysnø. Berre dei siste dagane har det kome over ein halv meter i deler av desse områda. Det har vore noko snøsmelting langs kysten og grensa mellom tørr og våt snø ligg på ca. 600 moh. I Trøndelag er det tørr og fin snø frå ca. 200 moh og på 500 moh ligg det 40-50 cm snø. På 700-800 moh ligg det no 70-80 cm snø i Rogaland, nær ein meter i Sogn og Fjordane, over ein meter i Hordaland. I Møre og Romsdal ligg det i snitt ein halv meter i same høgde.

Nord-Noreg: Med unnatak frå sør i Nordland, som har fått ca ein halv meter nokon stader, har det ikkje kome mykje snø i Nord-Noreg. Troms har ikkje fått noko snø på ei veke. På 500 moh ligg det no ca. 75 cm i Nordland, 85 cm i Troms og 60 cm i Finnmark.

Dagens snøkart stemmer godt med målte snødjup på 73 % av 226 av snømålestasjonane til met.no (sjå samanlikningskart her). På dei høgste stasjonane har snøkartet ein tendens til noko overestimering av snødjup.

Sjå meir detaljert kart på www.senorge.no og www.snøkart.no, eller følg oss på facebook og twitter.

Varsler endringer i strømprisportalen før jul

Forbrukerrådet tar grep for å hindre at lokkeavtaler kommer på topp på portalen Strømpris.no, og varsler at lengden på avtalen vil få en avgjørende betydning for plassering på listen.

Les mer

Markedskommentar uke 45 2019

Denne uken har gradestokken krøpet langt ned på minussiden og det har fått direkte følger for spotprisene. Det toppet seg på onsdag med over 53 øre/kWh i gjennomsnitt for hele døgnet. I timen mellom 18 og 19 var timesprisen helt oppe på 85,7 øre/kWh. Årsaken til de høye prisene er kombinasjonen kaldt vær og lite vind.

Les mer

Markedskommentar uke 43 2019

Spotprisene i forrige uke på Østlandet i prisområde NO1 ble marginalt høyere enn uken før og endte på 36,4 øre/kWh. Denne uken er høyere priset og ser ut til å bli rundt 37,9 øre/kWh.

Les mer

NVE varsler gradvis innføring av effekttariffer

NVE vil lansere flere forskjellige modeller for effekttariffer, og disse kan innføres gradvis over flere år, ifølge et nytt forslag til innretning av nettleien som snart sendes ut på høring.

Les mer
Skriv hva du leter etter og trykk [Enter]
Hei, kan jeg hjelpe deg med noe?