Hjem > Siste nytt > Snøkaos på Jæren

Snøkaos på Jæren

Publisert 13.12.2012, sist oppdatert 05.09.2017

Oppmodar folk om å bli heime.Tekst:_Jærbladet _Jbl.no

Særleg innbyggjarane i Undheim-området blir oppmoda om å roa seg heime, som følgje av det store snøfallet.

– Det er brøytemannskapa i området som kjem med oppmodinga, seier Bjørn Meling, kommunalsjef i Time.

Ein eigen brøytebil er sett av for å hjelpa i heimesjukepleien i Time til å koma fram til brukarar som absolutt har behov for hjelp.

Etter det Jærbladet veit er både Time vidaregåande skule, begge skulane på Lye, Bø skule, Vigre skule og Nærbø ungdomsskule stengt på grunn av det kraftige snøfallet. Det same gjeld fleire barnehagar som har problemer med å halda naudutgangane opne. Dette gjeld mellom anna Nyland barnehage, Vigre barnehage og Tryggheim barnehage.

På Klepp Ungdomsskule har elevane som tek buss fått fri, medan alle dei som ikkje tek buss må gå på skulen. Berre seks lærar er til stades for å ta seg av elevane.

Stengde butikkar


Mr and Mrs. Smith og Klara og Villbassen i Storgata held stengt i dag.

Les resten av artikkelen i Jærbladet her


Du vil kanskje også se

Hei, kan jeg hjelpe deg med noe?