27.02.2013

Rekordhøg kraftproduksjon

VinkelFallet kraftstasjon: Gudbrandsdal Energi

Høg kraftproduksjon i fjerde kvartal medverka til ny rekord, både for kvartalet og samla for 2012. Nettoeksporten av kraft i løpet av året var òg den største på 12 år.

I fjerde kvartal vart det produsert 39,2 TWh elektrisk kraft i Noreg. Det er den høgaste produksjonen i dette kvartalet nokosinne. I 2012 vart det produsert 147,9 TWh elektrisk kraft i Noreg. Det er ny rekord for eit kalenderår og over 5 TWh meir enn den førre rekorden frå 2000.

Kvartalsrapport for kraftmarknaden. (PDF)

Auken har samanheng med høg fyllingsgrad ved inngangen til året og 5 TWh meir tilsig enn normalt.

I fjerde kvartal hadde Noreg eit samla kraftforbruk på 37,2 TWh, ein auke på 9 prosent frå i fjor. I 2012 var det norske kraftforbruket 130,0 TWh. Det er ein auke på kring 5 TWh frå 2011 og 2 TWh under rekorden frå 2010. Auken heng saman med lågare temperaturar.

Trass i forbruksauken førte den høge produksjonen til låge prisar og høg nettoeksport av elektrisk kraft. I 2012 var spotprisen på elektrisk kraft i snitt 22-24 øre/kWh, og vi eksporterte 17,9 TWh elektrisk kraft. Det er 14,9 TWh meir enn i 2011 og den høgaste nettoeksporten sidan år 2000.

I fjerde kvartal var spotprisen i snitt 27-28 øre/kWh. Dette reflekterar at kaldt vêr og høg produksjon førte til ei normalisering av magasinfyllinga på slutten av året. Ved utgangen av kvartalet var terminprisen på kraft levert i første og andre kvartal 2013 høvesvis 29,8 og 26,1 øre/kWh.

Analyse: Spotpriskontraktar lønar seg over tid

Kvartalsrapporten inneheld mellom anna ein analyse av sluttbrukarmarknaden. Analysen samanliknar kontraktsformane spotpris og standardvariabel, og viser at den førstnemnte historisk sett har vore rimelegast. Ein årsak til det kan vere at kraftleverandørar har ein tendens til å halde prisen på standardvariabel-kontraktar høge i ein periode etter at spotprisen har falt.

Sjå også "Rekordstor-kraftproduksjon"

Kontakt:
Birger Bergesen, Fungerende avdelingsdirektør, tlf: 22 95 92 29
Ellen Skaansar, Seksjonssjef, tlf. 22 95 92 55

Markedskommentar uke 22 2020

Prisen på Østlandet i prisområde NO1 ble i forrige uke 9,1 øre/kWh. Denne uken ser prisen ut til å bli rundt 2,7 øre/kWh. Neste uke ventes rundt denne ukens pris.

Les mer

Laveste strømpris i Norge noensinne

Det varme været har satt i gang snøsmeltingen i Sør-Norge og spotprisen har sunket til rekordlave 1,54 euro MWh.

Det ser ut til å bli fint vær i hele Norden fremover og temperaturene øker kraftig. Det betyr at de enorme mengdene med snø som har ligget i fjellet i Sør-Norge virkelig begynner å smelte. Smeltingen sørger for at strømprisene stuper og spotprisen for Sør-Norge har klokket inn på rekordlave 1,54 euro tirsdag.

Les mer

Markedskommentar uke 21 2020

Prisen på Østlandet i prisområde NO1 ble i forrige uke cirka 12 øre/kWh. Denne uken ser prisen ut til å bli på cirka 10,1 øre/kWh. Spotprisen har dermed blitt levert lavere enn forventet denne uken. Prisutsiktene for kommende uke ser ut til å bli rundt 6 øre/kWh.

Les mer

Markedskommentar uke 20 2020

Prisen på Østlandet i prisområde NO1 ble i forrige uke cirka 8 øre/kWh. Denne uken ser prisen ut til å bli på cirka 12 øre/kWh. Spotprisen har dermed blitt levert 5 øre høyere enn forventet nivå for en uke siden.

Les mer
Skriv hva du leter etter og trykk [Enter]
Hei, kan jeg hjelpe deg med noe?