08.03.2013

NVE løyve til Osane kraftverk i Suldal

NVE gir Småkraft AS løyve til å bygge Osane kraftverk i Suldal kommune i Rogaland. Vasskraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 8,3 GWh. Det tilsvarar straumbruken til rundt 400 husstandar.

Osane kraftverk vil nytte ei fallhøgd på 95 meter mellom eit inntak 702 moh, like nedanfor Grunnavatnet, og ein kraftstasjon ved Sandsavatnet, 607 moh. Vatnet skal førast til kraftstasjonen i tunnel på heile strekninga.

Den viktigaste problemstillinga i saka er slik NVE ser det, omsynet til landskapet og friluftsinteressene i området. NVE meiner at dette er teke omsyn til ved krav om tunnel og slepp av ei betrakteleg høgare heilårs minstevassføring enn opphavleg omsøkt. Eit anna tema i saka har vore omsynet til hubro. NVE meiner at dersom anleggstida vert lagt utanom hekketida, vil fuglen ikkje verte vesentleg råka av tiltaket.

NVE vurderer at dei samla negative verknadene av utbygginga kan aksepterast, sett i forhold til nytten av den forventa kraftproduksjonen i Osane kraftverk. På bakgrunn av dette har NVE gitt løyve til bygging av Osane kraftverk på nærare fastsette vilkår.

Sverige har et stort dilemma

Om et par år vil kraftproduksjonen i Sverige en vindstille vinterdag være 1500 MW lavere enn forbruket. En ekstra kald vinter vil underskuddet være 3000 MW.

Les mer

Vattenfall skal levere norsk kraft til Facebook

Vattenfall og Facebook har inngått en langsiktig avtale om levering og kraftbalansering av produksjon fra tre nye norske vindkraftparker.

Les mer

Nettleien blir mer rettferdig

Det er flertall på Stortinget for lik eller likere nettleie, uavhengig av hvor man bor. Nettleien for strøm er gjennomgående dyrere i distriktene enn i byene.

Les mer

Markedskommentar mai 2018

Vi skriver mai måned og snøsmeltingen i fjellet har for alvor kommet igang. Gudbrandsdalslågen og flere andre vassdrag går flomstore. Hvordan påvirker dette strømprisene?

Les mer
Skriv hva du leter etter og trykk [Enter]