Hjem > Siste nytt > NVE - Løyve til Laupen kraftverk

NVE - Løyve til Laupen kraftverk

Publisert 03.08.2020, sist oppdatert 01.09.2020

NVE gjev Helgelands Kraft AS løyve til å bygge Laupen kraftverk i Rana kommune i Nordland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 22,6 GWh, noko som svarar til straumbruken til 1130 husstandar.

Laupen kraftverk vil nytte ei fallhøgd på 402,5 m i Sagelva mellom inntak på 407,5 moh og kraftstasjon på 5 moh. Inntaksbassenget vil verte regulert med 2,5 m mellom høgaste regulerte vasstand på 407,5 moh og lavaste regulerte vasstand på 405 moh. Vatnet skal førast til kraftstasjonen i sjakt og tunnel på heile strekninga.

Den viktigaste problemstillinga i saka er, slik NVE ser det, omsynet til landskapet. Sagelva er eit landskapselement frå fjorden og frå Bardal, og NVE har teke omsyn til dette ved fastsetting av minstevassføring. For å føre straumen fram til eksisterande nett skal det byggast ei 22 kV kraftlinje over Laupen/Sjonfjellet. NVE meiner at linja, som delvis må gå over bart fjell i urøyrd natur, kan tilpassast terrenget så ho ikkje blir for framtredande.

NVE vurderer at dei samla negative verknadane av utbygginga kan aksepterast, sett i forhold til nytta av den forventa kraftproduksjonen i Laupen kraftverk. På bakgrunn av dette har NVE gjeve løyve til bygging av Laupen kraftverk på nærare fastsette vilkår.

Hei, kan jeg hjelpe deg med noe?