Hjem > Siste nytt > NVE løyve til 132 kV kraftlinje Govddes-Sundsfjord

NVE løyve til 132 kV kraftlinje Govddes-Sundsfjord

Publisert 03.08.2020, sist oppdatert 01.09.2020

NVE gir Govddesåga Kraftverk AS løyve til å bygge og drifte ei omlag 13,7 km lang 132 kV kraftleidning frå Govddesåga kraftverk til Sundsfjord transformatorstasjon i kommunane Beiarn og Gildeskål i Nordland. Det vert også gitt løyve til ny transformatorstasjon ved Govddesåga kraftverk og konsesjon for utviding av eksisterande 132 kV utandørs koplingsanlegg ved Sundsfjord transformatorstasjon.

Olje - og energidepartementet har gitt Govddesåga Kraftverk AS konsesjon til utbygging av Govddesåga kraftverk. Kraftleidningen er nødvendig for å transportere den nye produksjonen til eksisterande nett. Tiltaket vil også gi kapasitet til å overføre produksjon frå andre kraftverk som er planlagde i området.

Frå koplingsanlegget i Sundsfjord og fram til Govddes går leidningen parallelt med eller i traseen til eksisterande 22 kV-leidningar og på ei delstrekning også parallelt med ei 420 kV leidning.

Med valde valgte trasé vil kraftledningen etter NVEs vurdering, ha akseptable konsekvensar når det gjeld miljø- og areal. NVE meiner etter ei samla vurdering at dei fordelane i samfunnsamanheng som vert vunne ved anlegga, utvilsamt vil vere større enn dei skadar og ulemper som vert påført andre. NVE har på bakgrunn av dette gitt Govddesåga kraftverk AS samtykke til oreigning for dei omsøkte anlegga

Hei, kan jeg hjelpe deg med noe?