01.02.2013

NVE / Ikkje løyve til Sennedalselva kraftverk i Troms

I heilskapsvurderinga for søknadar om kraftutbygging på vestsida av Sørfjorden (Ullsfjorden) i Tromsø kommune avslår NVE søknaden frå Småkraft AS for Sennedalselva kraftverk.

NVE har i heilskap handsama søknadar på vestsida av Sørfjorden i Ullsfjorden i Tromsø kommune i Troms. Bakgrunnen for dette er å kunne gjere ei samla vurdering av konsekvensar som først kjem fram når sakene blir sett i samanheng.

Sennedalselva kraftverk var planlagd med ein installert effekt på 3,85 MW og ein årleg produksjon på 10,4 GWh.

NVE kan ikkje sjå at dei foreslåtte avbøtande tiltaka for utbygging av Sennedalselva kraftverk i tilstrekkeleg grad og med stor nok sikkerheit vil ivareta verdiane for reindrifta som er knytt til Sennedalselva. NVE meiner difor at tiltaket er i strid med Olje- og energidepartementet (OED) sine retningslinjer for utbygging av kraftverk.

Sjølv om tiltaket vil gi positive verknader gjennom noko auka kraftproduksjon og lokal verdiskaping, meiner NVE at desse fordelane ikkje veger opp for dei nemnde ulempene.

NVE har på denne bakgrunn avslått Småkraft AS sin søknad for Sennedalselva kraftverk.

Saka er nært knytt til dei andre sakene  i Sørfjorden (Ullsfjorden), som no har fått NVE sine tilrådingar i oversending til OED.

Les meir om avslaget for Sennedalselva kraftverk og NVE sine tilrådingar til OED om sju kraftverk m.m. i Sørfjorden på www.nve.no

Nærmare informasjon:
Avdelingsdirektør Rune Flatby, tlf. 416 78 203
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 901 98 216

Sammendrag av kundetilfredsheten i privatmarkedet, Norge 2017

Gudbrandsdal Energi er selskapet som topper bransjesammendraget, og med en kundetilfredshet på 81 så er hovedvekten av kundene svært godt tilfredse.

Les mer

Prishopp på kalde og tørre varsler

De nærmeste kraftkontraktene steg markant i pris fredag etter at værvarslene indikerer et langvarig blokkerende høytrykk over Norden som vil gi lave temperaturer, lite nedbør og rolige vindforhold.

Les mer

Nesten 90% av nettselskapene unngår funksjonelt skille

De aller fleste nettselskapene slipper unna det såkalte funksjonelle skillet, etter at Kristelig Folkeparti denne uken besluttet å støtte Senterpartiets forslag om å sette grensen ved 30.000 nettkunder.

Les mer

Blockchain vil bli like viktig som internett

Blockchain-teknologi kan senke transaksjonskostnadene og åpne nye muligheter i kraftmarkedet, ifølge ekspertene på Energi Norges fremtidsseminar denne uken.

Les mer
Skriv hva du leter etter og trykk [Enter]