20.06.2014

Lovbrotsgebyr til kraftverk i Hordaland

Helifoto Mathiselva 2009 073_gek(Foto 19/6 2009 av Gunnar Kristiansen, NVE)

NVE har ilagt Myklebustdalen Energi AS i Kvinnherad kommune i Hordaland eit lovbrotsgebyr på 250 000 kroner for manglande slepp av minstevassføring under drift av Mattiselva kraftverk.

NVEs berekningar viser at den manglande minstevassføringa har ført til at vassdraget nedstrøms dammen har vore tørt rundt halve året.

- Dette er alvorleg for organismane som er avhengig av vatn for å leve. I dette tilfellet er det grunn til å anta at reproduksjonen av bestanden av sjøaure i Mattiselva er redusert på grunn av manglande minstevassføring. Dette, i tillegg til at det ulovlege forholdet har bidrege til auka kraftproduksjon og dermed auka forteneste for selskapet, gjer at vi ser svært alvorleg på dette, seier seksjonssjef for NVEs miljøtilsyn, Øyvind Leirset.

Eigarane av Mattiselva kraftverk har sidan kraftverket vart sett i drift i 2007 unnlate å sikre minstevassføring på 14 liter i sekundet. Slepp av minstevassføringa skal sikre at det alltid renn vatn på den strekninga som er påverka av kraftproduksjon, og er ein føresetnad for at kraftverket er vurdert til å ikkje vere konsesjonspliktig.

NVE vart merksam på det ulovlige forholdet etter at eigarane søkte om elsertifikat for kraftverket i 2013.

- Denne hendinga dokumenterer at det fortsatt er nødvendig å følge opp slike kraftverk. Desse har vilkår om slepp av alminnelig minstevassføring og det er viktig at dette blir etterlevd, seier Leirset.

NVE erfarer at avvik på grunnleggande vilkår ofte skjer hjå selskap som eig og driftar kun eitt kraftverk. Sommaren 2010 gjennomførte NVE ein omfattande inspeksjonsrunde av kraftverk som ikkje er konsesjonspliktige. NVE gjorde 18 vedtak om retting og alle avvika er no forlengst lukka. Inspeksjonen avdekka to grove brot som NVE har valt å følgje opp med lovbrotsgebyr

- NVE vil fortsatt følge småkraftanlegg tett. Både dei med konsesjon og dei som lovlig kan driftast utan konsesjon, avsluttar Leirset.

Det er høve til å klage på vedtaket til Olje- og energidepartementet innan tre veker frå meldinga er motteken.

 

Kontaktpersonar:Seksjonssjef Øyvind Leirset. tlf. 400 69 485Seniorrådgivar Jan Henning L'Abée-Lund, tlf. 908 54 195



Bytte av strømmålere har vært en suksess

97 prosent av alle målepunkter i Norge har fått ny strømmåler per januar 2019, ifølge ny statusrapport fra NVE. Investeringskostnadene er også 1 milliard kroner lavere enn forventet.

Les mer

Markedskommentar mai 2019

Hydrologisk balanse var tidlig i mai dårligere enn på samme tid enn i fjor. Nedbør de siste dagene samt varsler om mer nedbør fremover vil dog være med å bedre denne.

Les mer

Markedskommentar uke 19 2019

I løpet av ukens seks første dager har systemprisen variert mellom 40 og 43 øre/kWh, mot 28-40 øre/kWh tilsvarende dager i forrige uke.

Les mer

Bygger Nordens største batteri

Det finske vindkraftselskapet TuuliWatti Oy bygger Nordens største batteri til 3,5 millioner euro i vindparken Viinamäki i Finland.

Les mer
Skriv hva du leter etter og trykk [Enter]
Hei, kan jeg hjelpe deg med noe?