18.08.2014

Kraftsituasjonen veke 32 2014

NordnedNVE

Vedlikehaldsarbeid på fleire overføringslinjer ut av Sør-Noreg bidrog til at norsk nettoeksport vart redusert med 139 GWh frå veke 31 til veke 32. Foto. Nexan

Kapasiteten mellom Aust-Noreg og Sverige var redusert heile veka, og Skagerrak-kabelen mellom Sørvest-Noreg og Jylland hadde redusert kapasitet i store delar av førre veke. Mot slutten av veka var òg kapasiteten på Norned-kabelen redusert.

Trass i dei store avgrensingane heldt kraftprisane i Sør-Noreg seg relativt stabile. Produksjonen vart regulert ned som en konsekvens av overføringsavgrensingane, noko som bidrog til å dempe fallet i kraftprisane i Sør-Noreg. Dette reflekterer den høge reguleringsevna i det norske vasskraftsystemet. I Sørvest-Noreg vart produksjonen redusert med 22,2 prosent frå veka før.

Samstundes var det ein monaleg produksjonsauke i dei to nordlege norske områda. Dette medverka til at nettoeksporten frå Midt- og Nord-Noreg mot Sverige vart meir enn tredobla frå veka før, noko som delvis kompenserte for den reduserte eksporten frå Aust-Noreg.

Nokre timar fredag morgon var det spesielt høge prisar på Jylland, med ein pristopp på 1340,65 kr/MWh. Dette skuldast lav vindkraftproduksjon i kombinasjon med redusert overføringskapasitet frå alle dei omliggande områda.

For meir informasjon , kontakt
Førstekonsulent Christina Stene Beisland, tlf: 22 95 93 22

Bytte av strømmålere har vært en suksess

97 prosent av alle målepunkter i Norge har fått ny strømmåler per januar 2019, ifølge ny statusrapport fra NVE. Investeringskostnadene er også 1 milliard kroner lavere enn forventet.

Les mer

Markedskommentar mai 2019

Hydrologisk balanse var tidlig i mai dårligere enn på samme tid enn i fjor. Nedbør de siste dagene samt varsler om mer nedbør fremover vil dog være med å bedre denne.

Les mer

Markedskommentar uke 19 2019

I løpet av ukens seks første dager har systemprisen variert mellom 40 og 43 øre/kWh, mot 28-40 øre/kWh tilsvarende dager i forrige uke.

Les mer

Bygger Nordens største batteri

Det finske vindkraftselskapet TuuliWatti Oy bygger Nordens største batteri til 3,5 millioner euro i vindparken Viinamäki i Finland.

Les mer
Skriv hva du leter etter og trykk [Enter]
Hei, kan jeg hjelpe deg med noe?