16.05.2014

Kraftmarkedet 1. kvartal 2014



Foss(NVE) Foto: Gudbrandsdal Energi.

Den norske snittprisen på straum var rundt 25 øre/kWh i første kvartal, noko som er 20 prosent lågare enn i same kvartal i fjor. Dette kan mellom anna forklarast med høgare tilsig og mildare vêr enn normalt. Etterspurnaden etter kraft frå hushalda var 5,8 prosent lågare enn i første kvartal i 2013.



NVE Rapport 36 – 2014: Kvartalsrapport for kraftmarknaden 1. kvartal 2014, som no er publisert, syner og at systemprisen i den nordiske marknaden var 20,7 øre/kWh i veke 12. Sist gang systemprisen var så låg var i september 2012.




Gode produksjonshøve i dei andre nordiske landa har bidrege til å halde dei norske prisane låge. Kjernekraftproduksjonen i Sverige låg på eit stabilt høgt nivå gjennom heile første kvartal, samstundes som vindkraftproduksjonen i Danmark har vore høg, spesielt i første halvdel av kvartalet. Noreg har difor importert kraft i periodar med høg vindkraftproduksjon, medan vi har eksportert kraft i periodar med lite vind. Gjennom å utnytte fleksibiliteten i det norske vasskraftsystemet har produsentane kunna spare på vatnet i periodar med høg uregulerbar kraftproduksjon i våre naboland. Dette, saman med eit relativt høgt tilsig og lågt forbruk, førte til at Noreg gjekk ut av kvartalet med ein magasinfylling over normalen.

Last ned NVE Rapport 36 – 2014: Kvartalsrapport for kraftmarknaden 1. kvartal 2014

Marknadskommentar for første kvartal 2014.

Kontaktpersonar:
Avdelingsdirektør Anne-Vera Skrivarhaug, tlf 22 95 93 50
Fungerande seksjonssjef Gudmund Bartnes, tlf 99 74 42 67
Kommunikasjonsrådgjevar Arne Søiland, tlf 40 21 01 50



Bytte av strømmålere har vært en suksess

97 prosent av alle målepunkter i Norge har fått ny strømmåler per januar 2019, ifølge ny statusrapport fra NVE. Investeringskostnadene er også 1 milliard kroner lavere enn forventet.

Les mer

Markedskommentar mai 2019

Hydrologisk balanse var tidlig i mai dårligere enn på samme tid enn i fjor. Nedbør de siste dagene samt varsler om mer nedbør fremover vil dog være med å bedre denne.

Les mer

Markedskommentar uke 19 2019

I løpet av ukens seks første dager har systemprisen variert mellom 40 og 43 øre/kWh, mot 28-40 øre/kWh tilsvarende dager i forrige uke.

Les mer

Bygger Nordens største batteri

Det finske vindkraftselskapet TuuliWatti Oy bygger Nordens største batteri til 3,5 millioner euro i vindparken Viinamäki i Finland.

Les mer
Skriv hva du leter etter og trykk [Enter]
Hei, kan jeg hjelpe deg med noe?