Hjem > Siste nytt > Konsesjon til pilotanlegg for tidvasskraft i Kvalsundet

Konsesjon til pilotanlegg for tidvasskraft i Kvalsundet

Publisert 28.02.2013, sist oppdatert 05.09.2017

NVE gir Tidal Sails AS konsesjon til å bygge og drive eit pilotanlegg for tidvasskraft i Kvalsundet i Kvalsund kommune i Finnmark. Dette vil kunne gi verdfull kunnskap og erfaring i vidare utvikling av teknologi for utnytting av røyrsleenergien i tidvass- og havstraumar, meiner NVE.

Kvalsundet er godt eigna for etablering av pilotanlegg for tidvasskraft fordi der er gode straumforhold og nærliggande infrastruktur. Produksjonsanlegget vil bli installert under havoverflata, festa til fjell eller festa ved hjelp av anker, og vil gi full seglingsdjupne til passerande skipstrafikk. Erfaringar knytt til verknader for miljø og samfunn frå tidlegare installasjon i Kvalsundet, tilseier at tiltaket vil ha små ulemper for miljø og samfunn. Krav om miljøoppfølgingsprogram er sett som vilkår i konsesjonen.

Les meir om Kvalsundet tidvasskraftverk, på NVEs nettstad.

Kontaktpersonar:
Avdelingsdirektør Rune Flatby, tlf. 22 95 90 88 eller 416 78 203
Overingeniør Hilde Aass, tlf. 22 95 98 85

Du vil kanskje også se

Hei, kan jeg hjelpe deg med noe?