Viktig info til våre kunder!

Grunnet nasjonal lansering av Elhub «fryses» det norske strømmarkedet i store deler av februar. For deg som kunde betyr det at du ikke får byttet strømleverandør i perioden 23.01 – 18.02. Dette gjelder ALLE strømleverandører! Du kan fortsatt legge inn bestilling, men leverandørbytte skjer først i uke 8-9. Les mer her.

13.08.2013

Forbetra ressurssituasjon i andre kvartal

Kvamsnyseter 07 009I andre kvartal var tilsiget til dei norske vassmagasina 57,7 TWh, noko som er 1,5 TWh meir enn normalt og 10,6 TWh meir enn i andre kvartal 2012. Det kom 28,6 TWh nedbørenergi i same periode, 11 TWh meir enn normalt.


Meir tilgang enn vanleg medverka til at fyllingsgraden i vassmagasina i løpet av kvartalet auka frå 31,7 prosent til 68,4 prosent. Fyllingsgraden gjekk frå å vere 7,4 prosenteiningar under normalt ved inngangen av kvartalet, til 1,2 prosenteiningar over normalen ved utgangen av kvartalet.

Energiunderskotet i snø, grunn- og markvannslageret i Noreg har forbetra seg frå 19 TWh under normalt ved inngangen av andre kvartal, til 10 TWh ved utgangen av kvartalet.

Båe kraftforbruk og kraftproduksjon i Noreg var 28,9 TWh i andre kvartal. Samanlikna med fjoråret  var forbruket 1,3 prosent høgare, mens produksjon gjekk ned med 14,1 prosent. Med like stort forbruk som produksjon, gjekk utvekslinga av kraft til og frå Noreg i balanse kvartalet sett under ett. I fjor var det ein nettoeksport frå Noreg på 5,1 TWh i andre kvartal.

Dei norske områdeprisane for kraft var i snitt på mellom 29,2 og 29,8 øre/kWh i andre kvartal. Det er ein auke på mellom 36 og 48 prosent frå 2012. Kraftprisane var høgast i starten av april då kraftsituasjonen var stram i delar av landet.  Då snøsmeltinga tok seg opp, gjekk prisane ned og kraftsituasjonen bedra seg.

Terminprisane for tredje og fjerdekvartal sank høvesvis 11,6 og 7,8 prosent gjennom kvartalet, grunna mellom anna forbetringa i den hydrologiske balansen.

Kvartalsrapporten for andre kvartal 2013 inneheld og artikkelen ”Elbas – the market for intraday trading”. Den omhandlar handel på intradagmarknaden og forklarar mekanismen for tildeling av kapasitet for denne marknaden. Handelen på NorNed-kabelen vert brukt som eit døme på dette. Ein kan mellom anna sjå at det handlast mest når prisforskjellen vert liten.

NVE Rapport 58 - 2013: Kvartalsrapport for kraftmarknaden 2. kvartal 2013

Marknadskommentar for andre kvartal 2013.

Kontaktpersonar:
Avdelingsdirektør Anne-Vera Skrivarhaug, tlf 22 95 93 50
Seksjonssjef Ellen Skaansar, tlf 22 95 92 55
Kommunikasjonsrådgjevar Arne Søiland, tlf 40 21 01 50



Lansering av Elhub: Dette betyr det for deg som kunde

I slutten av januar implementerer Statnett Elhub, en felles nasjonal måledatabase. Som følge av det «fryses» kraftmarkedet i perioden 01.02.2019 – 18.02.19, og det omfatter alle strømleverandører og netteiere i Norge.

Les mer

Klimakabler til Europa

Anders Skonhoft hevder i Klassekampen 2. januar at eksport av fornybar energi til Europa ikke bidrar til lavere utslipp av klimagasser. Det er feil, skriver EnergiNorge.

Les mer

Markedskommentar uke 3 2019

Denne uken har temperaturene vært langt lavere sammenlignet med forrige uke som har gitt spotprisene et løft, og som også markerer starten på en lengre kuldeperiode. Langtidsvarselet viser dominerende høytrykk som vil gi mindre vind, mindre nedbør og lavere temperaturer som vil gi høye spotpriser fremover.

Les mer

Markedskommentar uke 2 2019

Denne uken har vært relativt mild med temperaturer over normalen og med nedbørsmengder og vind rundt normalen for årstiden. Terminmarkedet holder fortsatt stand og er høyt priset.

Les mer
Skriv hva du leter etter og trykk [Enter]
Hei, kan jeg hjelpe deg med noe?