16.11.2012

Breane fortset å smelte tilbake


NVE

Målingar viser at av 28 brear i Noreg har 19 trekt seg tilbake, fem er uendra, medan målingar ved fire brear viste framgang.

Den største tilbakegangen hadde Bødalsbreen i Stryn med 110 meter, Storsteinsfjellbreen i Narvik med 69 meter, og Brenndalsbreen i Stryn med 65 meter.

Tilbakegangen i 2012 er omlag som i perioden 2008 til 2011, men mindre enn i perioden 2003 til 2007.

Gjennomsnittleg tilbakegang for 18 brear i løpet av dei siste 10 åra er 149 meter. Men variasjonen er stor - dei bratte brearmane på vestsida av Jostedalsbreen har trekt seg tilbake 400-600 meter i perioden, medan breane i Jotunheimen berre har trekt seg tilbake 50 til 100 meter.

Dei førstnemnde, bratte breane har gått tilbake meir enn det som tilsvara framstøyt på 1970- og 90-talet, medan dei fleste breane i Jotunheimen har trekt seg tilbake i over 100 år.

Dei fleste breane i Noreg er no mindre enn dei har vore på fleire hundre år. Av breane med lange måleseriar er det no berre Nigardsbreen på austsida av Jostedalsbreen som framleis ikkje har blitt mindre enn før framstøyten. Men om tilbakegangen fortset vil han óg passere den grensa i løpet av eitt til to år.

I Sør-Noreg er 18 brear målt i 2012.
Rundt Jostedalsbreen har åtte av ti målte brear trekt seg tilbake. Bødalsbreen og Brenndalsbreen i Stryn gjekk mest tilbake med høvesvis 110 og 65 meter. Disse breane har trekt seg tilbake 470 og 620 meter sidan år 2000, og er no lengre tilbake enn på 1960-talet.

To brear viste framgang. Målingar ved Vetle Supphellebreen i Fjærland viste ein framgang på 13 meter etter at målingar der vart igangsett i 2011. Bøyabreen også i Fjærland har hatt tilvekst til den nedre bretunga som følgje av rasaktivitet.

Ved Folgefonna har Buerbreen i Odda smelta tilbake 4 meter i 2012, og 285 meter sidan 1998. Ved Hardangerjøkulen viser målingane ved to brear ingen endring. Rembesdalskåka i Eidfjord har smelta tilbake 349 meter sidan det siste breframstøytet stoppa i 1997. Midtdalsbreen ved Finse i Ulvik har gått tilbake 155 meter sidan 2001.

I Nord-Noreg er ni brear målt.
Storsteinsfjellbreen i Skjomen har trekt seg tilbake 69 meter i år. Tilbakegangen sidan 2006 er 152 meter og om lag 270 meter sidan 1993. Engabreen, ein utløpar frå Svartisen, er omtrent uendra det siste året, og har trekt seg tilbake om lag 290 meter sidan 1999 då det siste breframstøytet stoppa opp.

Ein austleg utløpar av Langfjordjøkelen i Loppa i Vest-Finnmark smelta tilbake 20 meter. Breen har trekt seg tilbake 279 meter i løpet av dei siste ti åra. Austre Okstindbreen i Rana har trekt seg tilbake 6 meter i år og 76 meter sidan 2006.

Nesten 90% av nettselskapene unngår funksjonelt skille

De aller fleste nettselskapene slipper unna det såkalte funksjonelle skillet, etter at Kristelig Folkeparti denne uken besluttet å støtte Senterpartiets forslag om å sette grensen ved 30.000 nettkunder.

Les mer

Blockchain vil bli like viktig som internett

Blockchain-teknologi kan senke transaksjonskostnadene og åpne nye muligheter i kraftmarkedet, ifølge ekspertene på Energi Norges fremtidsseminar denne uken.

Les mer

Halve Norge har fått ny smart strømmåler

NVE forteller at ved utgangen av 2017 hadde halvparten av norske strømkunder fått installert en ny, smart strømmåler.

Les mer

Forbrukertilsynet: Strømbransjen på klagetoppen i 2017

Strømbransjen var sammen med avisbransjen og mobilbransjen på klagetoppen hos Forbrukertilsynet i året som gikk.

Les mer
Skriv hva du leter etter og trykk [Enter]