14.12.2012

Billeg skifergass frå USA kan gjera det vanskeleg å få selt viktige gassprodukt frå Kårstø.

thomas førde Aftenbladet.no

Ein revolusjon er sett i gong i den internasjonale gassmarknaden. Billeg skifergass frå USA kan bli importert til Norge til erstatning for gass produsert på Kårstø.

Dei petrokjemiske fabrikkane i Grenland i Telemark, som er kontrollert av det britiske konsernet Ineos, har underteikna ein 15 års kontrakt om kjøp av etan, utvunnen frå skifergass i Marcellus-feltet i Pennsylvania i USA.

- Denne gassen blir billegare enn gassen som me i dag kjøper frå Statoil og Kårstø, seier Ineos-direktør Magnar Bakke til Petromagasinet.

Råstoff til plastindustrien


Heilt sidan gass frå ulike felt på Haltenbanken i Norskehavet tok til å strøyma gjennom Åsgard-røyret til Kårstø i 2000, har etan vore skilt ut som eit særskilt produkt ved gassprosesseringsanlegget på Kårstø. I fjor blei det skipa ut 861 000 tonn etan frå Kårstø. Det aller meste går til petrokjemianlegga i Bamble og noko til Stenungsund i Sverige. Etan er eit veleigna råstoff til produksjon av etylen, som igjen er råstoff til plastindustrien.

Clipper Harald i fast rute


Minst to gasstankarar hentar etan på Kårstø. Det er nederlandske "Coral Parensis" og "Clipper Harald" som tilhøyrer gasstankreiarlaget Solvang i Stavanger. "Clipper Harald" har dei siste tolv åra hatt kontrakt på frakt av etan frå Kårstø og går nærmast i fast rute mellom Kårstø og Grenland med etan. - Me har kontrakt med Statoil om slik frakt i eit par år til og med høve til å forlengja kontrakttida, seier adm. dir i Solvang-reiarlaget, Edvin Endresen. Han legg til at det kan vera vanskeleg og spå om framtida. - Skifergassrevolusjonen ein nå ser utvikla seg i USA, kan samtidig opna opp for nye marknadar og nye fraktmulegheiter for våre skip rundt i verda, seier Endresen.

Les hele artikelen i Aftenbladet her

Markedskommentar uke 41 2019

Denne uken startet med en høy systempris på hele 44,1 øre/kWh, den høyeste systemprisen på nesten seks måneder. Lite vind, lavt tilsig kombinert med lave temperaturer som resulterte i høyt forbruk var årsaken til den høye systemprisen.

Les mer

Flytende vindkraft opptil fem ganger dyrere enn landvind

Norgessjef Ben Bjørke i Siemens Gamesa mener det er realistisk med bunnfast havvind på norsk sokkel, men at det er behov for stor skala dersom en skal få ned kostnadene for flytende havvind.

Les mer

Regjeringen jekker elavgiften til 16,13 øre/kWh

Etter å ha kuttet elavgiften med ett øre i statsbudsjettet i fjor, vil regjeringen nå øke avgiften med 1,9 prosent til 16,13 øre/kWh.

Les mer

Markedskommentar uke 40 2019

I forrige uke ble gjennomsnittsprisen for Østlandet (NO1) 31,4 øre/kWh, denne uken blir prisen rundt 35 øre/kWh som for det meste skyldes høyere forbruk etter hvert som gradestokken kryper mot kuldegrader.

Les mer
Skriv hva du leter etter og trykk [Enter]
Hei, kan jeg hjelpe deg med noe?