- Samarbeidet med svenskane fungerar godt. I 2012 blei det til saman satt i drift og godkjent kraftverk i den norsk-svenske elsertifikatmarknaden med ein normalårsproduksjon på 3,2 TWh. Eit norsk hushald med eit årlig strømforbruk på 20 000 kWh støtta økt utbygging av fornybar kraft med 140 kroner i fjor, seier seksjonssjef Mari Hegg Gundersen.
Noreg og Sverige har hatt ein felles marknad for elsertifikater sidan 1. januar 2012. Marknaden er basert på den svenske elsertifikatmarknaden som har eksistert sidan 2003.
Målet for den felles elsertifikatmarknaden er å auke den fornybare kraftproduksjonen i Noreg og Sverige med til saman 26,4 TWh frå år 2012 til år 2020. Handel med elsertifikater kan skje på tvers av landa.
Årsrapporten for den norsk-svenske elsertifikatmarknaden er laget av NVE og Energimyndigheten i Sverige. Svensk versjon av rapporten vil bli publisert samstundes med at den norske utgåva vert lagd ut på nve.no.
Last ned og les ”Et norsk-svensk elsertifikatmarked – årsrapport for 2012”.