29.11.2013

2013 - breane fortset å smelte tilbake

[caption id="attachment_929" align="alignright" width="471"]Engabreen_14aug2013_HallgeirElvehøy (Custom) Engabreen 14 aug2013. Foto: HallgeirElvehøy[/caption]

Kilde NVE:

Tilbakesmeltinga til brefrontane held fram også i år. Målingar viser at av 33 brear i Noreg har 26 brear trekt seg tilbake, fire brear er uendra, medan målingar ved tre brear viste framgang.

Den største tilbakegangen hadde Austre Okstindbreen i Hemnes med 40 meter, Rundvassbreen i Sørfold med 37 meter, og Stigaholtbreen i Luster med 36 meter.

Tilbakegangen i 2013 er noko mindre enn i perioden 2003 til 2012. Gjennomsnittleg tilbakegang for 26 brear i løpet av dei siste 10 åra er 192 meter. Men variasjonen er stor - dei bratte brearmane på vestsida av Jostedalsbreen har trekt seg tilbake 400-800 meter i perioden, medan breane i Jotunheimen berre har trekt seg tilbake 60 til 100 meter.

Dei bratte breane har gått tilbake meir enn dei gjekk fram på 1970- og 1990-talet, medan dei fleste breane i Jotunheimen har trekt seg tilbake i over 100 år. Dei fleste breane i Noreg er no mindre enn dei har vore på fleire hundre år. Berre Nigardsbreen på austsida av Jostedalsbreen er framleis større enn på 1980-talet.

Sør-Noreg er 24 brear målt i 2013. Rundt Jostedalsbreen har fem av ni målte brear trekt seg tilbake, medan tre brear viste framgang. Sju brear har i gjennomsnitt trekt seg tilbake 222 meter dei siste 10 åra. Bøyabreen og Store Supphellebreen i Fjærland har hatt tilvekst til den nedre bretunga som følgje av rasaktivitet. Briksdalsbreen viste litt framgang etter at den nedre bretunga vart avsnørt i 2011.

Jotunheimen har sju brear i snitt trekt seg tilbake 9 meter i år. Dei siste 10 åra har breane i snitt vorte 80 meter kortare. Ved Folgefonna har Buerbreen i Odda smelta tilbake 9 meter i 2013, og 294 meter sidan 1998. Bondhusbrea i Kvinherad har smelta tilbake 25 meter og 355 meter sidan 1996. VedHardangerjøkulen har Rembesdalskåka i Eidfjord smelta tilbake 5 meter og 354 meter sidan det siste breframstøytet stoppa i 1997. Midtdalsbreen ved Finse i Ulvik har smelta tilbake 10 meter og til saman 165 meter sidan 2001.

Nord-Noreg er alle dei åtte målte breane i tilbakegang. Desse breane har i snitt trekt seg tilbake 83 meter i løpet av dei siste fem åra. Austre Okstindbreen i Hemnes har trekt seg tilbake 40 meter i år og 115 meter sidan 2006.

Engabreen, ein utløpar frå Svartisen, har trekt seg tilbake 20 meter i år og 318 meter sidan 1999 då det siste breframstøytet stoppa opp. Storsteinsfjellbreen i Skjomen har trekt seg tilbake 10 meter i år. Tilbakegangen sidan 2006 er 174 meter og om lag 290 meter sidan 1993.

Ein austleg utløpar av Langfjordjøkelen i Loppa i Vest-Finnmark smelta tilbake 10 meter. Breen har trekt seg tilbake 427 meter sidan 1998.

Kontakt:
Senioringeniør Hallgeir Elvehøy 924 46 189
Seksjonssjef Rune Engeset 990 38 868

Engabreen, ein nordleg utløpar frå Svartisen, har trekt seg tilbake 320 meter mellom 1998 og 2013.

[caption id="attachment_928" align="alignright" width="471"]Engabreen 29mai1998_HallgeirElvehøy (Custom) Engabreen 29. mai 1998. Foto: HallgeirElvehøy[/caption]

 

Vindkraft sto for 14 prosent av EUs strømproduksjon i 2018

Vindkraft sto for hele 14 prosent av EUs strømproduksjon i 2018, og det er en økning fra 12 prosent i 2017.

Les mer

Elhub er lansert

Elhub er endelig lansert. Med Elhub trenger ikke alle nettselskaper å utveksle data med alle strømselskapene. Begge parter kan isteden kommunisere digitalt med Elhub.

Les mer

Slik produseres strømmen i Europa

Atomkraft, kull og gass er de tre største elektrisitetskildene når det kommer til produksjon i Europa. Solenergi kommer lengre ned på lista.

Les mer

Markedskommentar uke 7 2019

Denne uken har vært mild med temperaturer godt over normalen for årstiden. Mindre forbruk og høy vindkraftproduksjon har gitt lavere spotpriser denne uken. Mildere vær i prognosene kombinert med lavere CO2 –kvotepris har dratt terminmarkedet for kraft betydelig ned denne uken.

Les mer
Skriv hva du leter etter og trykk [Enter]
Hei, kan jeg hjelpe deg med noe?